torsdag 26. november 2009

Oppstartsamling Arkitektur

Hei student-lærarar.
Meldar med dette at oppstartsamlinga for arkitektur-emnet vert lagt som avtalt i veke 5, (fyrste veka i februar 2010) med fulle dagar tysdag, onsdag og torsdag. Som de veit skal vi dette semesteret ha to samlingar, samling nr. 2 er lagt til veke 18, måndag, tysdag og onsdag.

torsdag 19. november 2009

VIKTIG INFO om tida framover!

Levere arbeidskrav I og II:


ARBEIDSKRAV I:

  • 4 valfrie arbeidskrav-oppgåver (tekstdokument, PP-PDF), oppgåver 1-5

ARBEIDSKRAV II:
  • Foreldreposter (Fotofilter, Word e.l.-PDF) og Analyse og teoretisk refleksjon av tildelt kulturuttrykk, oppgåver 1-2



Dette skal leverast FREDAG 27.11 i arbeidskravmappe OBS! i Fronter innan kl. 14.00. Alle desse oppgåvene skal leverast i eit dokument (PP, eller tekstfil) + plakat (denne leverast for seg). Du skal altså levere to dokument til arbeidskrav/eksamen. Tilbakemelding på arbeidskrav får de innan 04.12 (frå Britt L Ølnes). Etter dette har de ei veke på å ferdigstille dei praktiske oppgåvene (prosessdokumentet) før innlevering eksamen 11.12. I tidsromet 27.11-11.12 vil Thorstein vere dykkar kontaktperson, då eg har permisjon grunna doktorgradsdisputas. LUKKE TIL! Send meg mail/skype om noko er uklart!

tirsdag 17. november 2009

FEIL I OPPGÅVETITTEL LEKSJON 9

OBS!! Oppgåvetittel i leksjon 9 skal vere Arbeidskrav II, oppgåve 2. Viktig viktig!! Begge oppgåvene under arbeidskrav II skal leverast. Og fire av fem oppgåver under Arbeidskrav I (oppgåve 3 kan ikkje veljast bort) skal leverast: Sjå semesterplen om dette!

fredag 13. november 2009

LEKSJON 9 VISUELL KULTUR FOR BARN

Leksjon 9 er lagt ut på Fronter. LUKKE TIL med siste innspurt!

tirsdag 10. november 2009

KORLEIS NYTTE KJELDER/ REFERANSAR I EIN TEKST?

Sjå samandraget som er lagt ut i RomArkiv (sjå i mappe Studieteknikk) på Fronter! Til hjelp når de skal skrive prosessdokumentasjon/skriftleg eksamen.

mandag 9. november 2009

NETTUTSTILLING KOH 118

Sjå nettutstilling: Stilleben Jif og eple! Om de ikkje har sterke innvendingar publiserer vi denne utstillinga på HVO sine nettsider om nokre dagar

EKSAMEN/ARBEIDSKRAV PRAKTISK DEL

Når de skal levere Arbeidkrav/eksamen endeleg: så leverer de ALT i eit dokument (PP, Word e.l. og lagrar dette som PDF) både Arbeidskrav I og II. I tillegg leverer de Foreldreposter som eige dokument (gjerne lage dette i Word/PDF, med bilete og tekst).

Og - teksten der de seier noko om vala som er tekne i høve til Foreldreposteren skal ligge i den samla oppgåvedokumentasjonen (altså: berre Foreldreposteren som skal leverast som vedlegg, og ikkje teksten om kva de har gjort/val som er tekne)

LEKSJON 8 Fotodokumentasjon og Fotokunst

No finn de leksjon 8 på Fronter. Lukke til!

fredag 6. november 2009

LEKSJON 8

Neste veke er fagmiljøet frå Notodden (HIT) ansvarlege for leksjonsstoffet. Dei har endra litt på tema i høve til det som fyrst var oppsett. Men det er likefullt relevant fagstoff og eg trur det vil vere svært nyttig i høve til Foreldreposter-oppgåva samt for prosessdokumentasjonen (arbeidskrav/eksamen). Leksjonen vert lagt ut mandag morgon, og er ein lydpresentasjon med tittel Fotodokumentasjon og Fotokunst (denne leksjonen erstattar Visuell kultur og historie).

tirsdag 3. november 2009

INNLEVERING ARBEIDSKRAV VEKE 48

I semesterplanen har de kanskje sett at frå Arbeidskrav I skal 4 av 5 oppgåver leverast inn som arbeidskrav i veke 48. Sidan test-presentasjonen (oppgåve 3) uansett vil måtte "leverast", må de altså velje tre av dei fire andre (oppgåve 1, 2, 4 eller 5), i tillegg til oppgåve 3. Det same gjeld når desse oppgåvene skal leverast som praktisk eksamen.

mandag 2. november 2009

ARBEIDSKRAV II, OPPGÅVE 1

No finn de ny oppgåve i Fronter!