søndag 25. oktober 2009
onsdag 21. oktober 2009
MIDTVEGS-VURDERING
Sidan vi no er halvvegs (og vel så det) ser eg behov for å gje ei rettleiing til kvar og ein av dokke - på det arbeidet de har publisert/levert til no. Tid/dato-oppsett finn de her. Gje meg melding om tidspunktet ikkje høver, så finn vi ny tid!
tirsdag 20. oktober 2009
LOGO OG BLOGGMAL
Blogg-logo storleiken vi har laga som mal, passar ikkje til alle bloggmalar. Nokre bloggmalar har større format på heading enn den vi presenterer - og somme vil truleg treng hjelp til å tilpasse Kjell-logomal til bloggmalen de tenker å bruke. Eg skal difor endre litt på oppgåveteksten slik at det går fram at formatet ikkje er eit absolutt-krav. Elles er det viktig at de no vel ein bloggmal som kommuniserer med dei form- og fargeval de nyttar på logoen. Og ta endeleg kontakt om de synest noko er vanskeleg å forstå!
mandag 19. oktober 2009
Sette inn egenprodusert blogglogo (banner)
Som nevnt skulle du i forbindelse med Arbeidskrav I, oppgave 4 om visuell identitet få en liten teskjeveiledning på hvordan legge inn din egenproduserte blogglogo (banner) i studiebloggen din.
HER er veiledningen.
HiO BLOGG
Mykje godt fagstoff finn de på Høgskulen i Oslo sin blogg, sjå innlegga der:
søndag 18. oktober 2009
LEKSJON 5
Denne veka får de ein eksperiment-leksjon, med tittel Visuell identitet. Leksjonen er ein kort biletpresentasjon med (litt rar) stemme. Forutan leksjonen er lærestoffet denne veka boka til Rybakken. Leksjonen ligg no i Fronter, medan oppgåveteksten kjem i Fronter mandag innan 10.00.
fredag 16. oktober 2009
Innlevering i FRONTER oppgåve 3
No finn de innleveringsmappe (oppgåve 3, leksjon 4) under "Innlevering" i Fronter! OBS! Ingen spesifikk frist for innleveringsdato (anna enn veke 48)
mandag 12. oktober 2009
BLOGG-ADRESSER
For dei av dykk som enno ikkje har tilgang til heile gruppa sine bloggar; finn de alle sine BLOGG-ADRESSER her. Hugs å bli FØLGER av kvarandre sine bloggar!
torsdag 8. oktober 2009
Power Point veke 38
For dei som ynskjer støttearka frå presentasjonen eg viste fram mandag og tysdag i veke 38 (Visuell kommunikasjon og fagdidaktikkomgrepet) finn desse her!
tirsdag 6. oktober 2009
Opne bloggen!
Minner om at tida er inne for å opne bloggen din for omverda. Sjå HER om du er usikker på korleis du skal gjere det!
fredag 2. oktober 2009
MANDAG veke 41
Mandag vil Britt Loven Ølnes vere vikar for meg på NETTPRAT. Leksjon 3 vert lagt ut frå morgonen av, denne finn de som vanleg i Fronter. OBS! nettleksjonar innheld internett-lenker og er difor best å lese på skjerm (ikkje på papir, då de ikkje har tilgang til lenkene)
Abonner på:
Innlegg (Atom)