Viser innlegg med etiketten Studieadministrasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Studieadministrasjon. Vis alle innlegg
onsdag 14. mars 2012
Leksjon 3
Då vonar eg alt er som det skal vere, sjå Fronter så finn de siste PP presentasjon frå fagmiljøet i Oslo. Om det er nokon av dokke som ikkje får fram leksjonane eg har lagt ut må de for all del ta kontakt. Lukke til!
fredag 10. februar 2012
Oppsummering og studieadministrasjon etter fyrste oppstartveke
Takk for veka som har gått, hyggeleg å verte kjent med dokke alle 5! No finn de siste oppgåvetekst i Fronter, samt diverse fagstoff (PP frå den siste veka), sjå Rom Arkiv. Eg har gjort justeringar i teksten i høve dei momenta de tykte var uklare. Sidan fleire av dykk har ferie i veke 8, skal eg prøve å få lagt ut leksjon 2 allereie tysdag (21.02) ettermiddag denne veka, slik de får utnytte tida.
torsdag 26. januar 2012
Litt meir om veke 6 OPPSTART
Hei og velkomne - studentar ved Visuell kommunikasjon!
Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 5 (kanskje 6) studentar. Som de alle har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 6, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosialt samvær, informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge).
Halvårsplan vert utdelt i veke 6, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/23089
Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje på, og det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Det er også mogleg å handle pensum her ved HVO, bokhandelen Gnist held til på campus. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.
Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 6. februar. Vi møter på Rom 100 (møterom ved resepsjonen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 12.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera, med kabel til PC/evt. minnekort) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette er det greitt om de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass. Ta gjerne med ein svart tusj (0,5) og nokre blyantar 2B-8B.

fredag 16. desember 2011
Oppstart vårsemester 2012
Hei! eg er lærar på neste studium, Visuell kommunikasjon - for lærarar. Oppstartveke blir veke 6, altså frå 6.-10. februar. Nærare info om innhald og detaljert semesterplan får de fyrst på samlinga, det viktige no er at de frigjer denne veka. Eg ynskjer å kommentere og forklare planen når den vert utdelt så der ikkje oppstår misforståingar. Vi startar mandag 6.02 kl. 12.00, på teiknesalen, og avsluttar fredag kl.14.00. De må rekne lange arbeidsdagar, truleg noko kveldsarbeid. Eksamen dette semesteret er 23.05 (skriftleg oppgåve) og 31.05 (praktisk mappe innlevering). Eksamen vert levert på nett, i Fronter. Velkomne til samling!
torsdag 11. mars 2010
EVALUERING fyrste semester!
Hei alle frå haustsemester 09!
Sidan studiet Kunst og handverk på nett er eit heilt nytt studietilbod er det særleg viktig for oss å få evalueringar frå ALLE som gjeld halvåret i fjor. Kan dei som ikkje gjorde dette på samlinga sist, opne Fronter og svare på skjemaet der (helst innan ei veke). Takk og takk!

torsdag 19. november 2009
VIKTIG INFO om tida framover!
Levere arbeidskrav I og II:
ARBEIDSKRAV I:
- 4 valfrie arbeidskrav-oppgåver (tekstdokument, PP-PDF), oppgåver 1-5
- Foreldreposter (Fotofilter, Word e.l.-PDF) og Analyse og teoretisk refleksjon av tildelt kulturuttrykk, oppgåver 1-2
Dette skal leverast FREDAG 27.11 i arbeidskravmappe OBS! i Fronter innan kl. 14.00. Alle desse oppgåvene skal leverast i eit dokument (PP, eller tekstfil) + plakat (denne leverast for seg). Du skal altså levere to dokument til arbeidskrav/eksamen. Tilbakemelding på arbeidskrav får de innan 04.12 (frå Britt L Ølnes). Etter dette har de ei veke på å ferdigstille dei praktiske oppgåvene (prosessdokumentet) før innlevering eksamen 11.12. I tidsromet 27.11-11.12 vil Thorstein vere dykkar kontaktperson, då eg har permisjon grunna doktorgradsdisputas. LUKKE TIL! Send meg mail/skype om noko er uklart!
Etiketter:
Arbeidskrav,
Eksamen,
Studieadministrasjon
mandag 12. oktober 2009
BLOGG-ADRESSER
For dei av dykk som enno ikkje har tilgang til heile gruppa sine bloggar; finn de alle sine BLOGG-ADRESSER her. Hugs å bli FØLGER av kvarandre sine bloggar!
fredag 2. oktober 2009
MANDAG veke 41
Mandag vil Britt Loven Ølnes vere vikar for meg på NETTPRAT. Leksjon 3 vert lagt ut frå morgonen av, denne finn de som vanleg i Fronter. OBS! nettleksjonar innheld internett-lenker og er difor best å lese på skjerm (ikkje på papir, då de ikkje har tilgang til lenkene)
tirsdag 29. september 2009
Åpne bloggen for verden
Som vi tidligere har sagt skal du på et tidspunkt åpne bloggen din "for verden". Dette tidspunktet er nå :) .. vi trenger å dele for å lære, og for å vise fram.
Vi har laget en miniveiledning. Den finner du HER
Selv om du nå åpner for at "verden" potensielt kan lese bloggen din, er det på godt og vondt lite sannsynlig at den gjør det. Internett er stort!
Etiketter:
Arbeidskrav,
Digital,
Studieadministrasjon
mandag 28. september 2009
Leksjon 2
No finn de LEKSJON 2 i RomArkiv Fronter. OBS! der er to rom for KOH118, du må velje det romet som er datert 1. sept. Lukke til med lesing og oppgåveløysing!
søndag 27. september 2009
Veke 40
LITT INFO veke 40
Fyrst om SKYPE. De må søkje på namnet til kvarandre, og skype leitar fram kontakta (så sant vedkomande har oppretta skype-konto). Vonar dei fleste har fått lagt inn heile klassa i si kontaktliste, og at vi får til ein chat-prat i morgon, mandag frå 10.00. OBS! Eg har to Skype-profilar; bruk karen.brenne Elles finn Leksjon 2 mandag etter 16.00

fredag 25. september 2009
Leksjon 1
Leksjonen frå den Digitale dagen, er lagt ut i RomArkiv.
gå til rommet vårt, H09_KOH118_emnerom
klikk på RomArkiv
klikk på 2. Veke 39 - Digital plattform
Etiketter:
Digital,
Leksjonar,
Studieadministrasjon
mandag 21. september 2009
Skype
Praktisk info om SKYPE: kan alle KOH 118 sende meg ein mail der de informerer om kva kontaktadresse de nyttar i Skype!? Takk for sist, det var så kjekt å møtast. Eit godt utgangspunkt for det komande arbeidet vi skal dele framover!
onsdag 2. september 2009
Semesteravgift
Vi har no frå sentraladministrasjonen fått vite at det skal betalast semesteravgift for studiet, kr. 670.- for haustsemesteret. De vil etter kvart få tilsendt giro. bruk denne lenka for vidare informasjon om registrering . http://www.hivolda.no/registrering
th
th
Abonner på:
Innlegg (Atom)