I fronter ligg det no ein oversikt over kva som gjenstår av leksjonar, arbeidskrav og eksamenar.
Tid for innspurt, tid for planlegging :)
Håper de har fine vårdagar!
torsdag 28. april 2011
onsdag 13. april 2011
Skulpturoppgåver
Hei alle!
Ser at eit par av dykk er i gang med skulpturarbeid. Bra! I leksjonen stod det oppmoding om at de legg ut litt foto også undervegs, sjølv om arbeidskravet krev foto i bloggen kun av sluttprodukta. Håper å sjå spanande skaping etterkvart!!
Vidare føler eg behov for å poengtere at skulpturane de leverer bør ligge på eit godt nivå formalestetisk og handverksmessig. Dette skal ikkje berre vere tredimensjonale skisser, men skulpturar som har gode materialkombinasjonar og lekre samanføyingar, sjølv om dei er laga både av verdilaust materiale og objet trouve. Det er slik dette kan løftast til å verte noko meir enn "artige figurar". De må vere bevisste på, og ikkje tape formalestetikken og handverket av syne, sjølv om de har ei leikande tilnærming i skapinga og ideen bak skulpturen står sentralt. Studer bildeeksempla i leksjonen! Lukke til!

tirsdag 12. april 2011
LEKSJON 2
Hei,
har fått eit par spørsmål om kva som er arbeidskrava i leksjon 2.
Biletanalyse
Kort oppsummert er øvingane i formal biletanalyse ikkje arbeidskrav, men eit tilbod om fagleg tilbakemelding. Arbeidskravet finn de heilt til slutt i dokumentet om biletanalyse.
Skulptur
Oppgåva har to element; fullstendig analyse av ein skulptur og ein power-point presentasjon med formidling av skulpturen som fokus.
Det er same skulpturen i begge oppgåvene, dvs det er skulpturen du har analysert som skal formidlast!
Det er to dokument, eit worddok med analysen og ein ppt til bruk i formidling. Element frå analysen må sjølvsagt med i ppt.
Sidan eg skal til Athen veka etter påske og på Yksnøya med Bachelorstudentane med LANDART-prosjektet første veka i mai, er 5 mai ein passande siste innleveringsfrist for alt i leksjon 2. Mange har allereie løyst oppgåvene, og det er berre å legge dei inn etterkvart. Eg gir tilbakemelding fortløpande.

fredag 8. april 2011
Arbeidskrav 1
Hei! Alle skal i løpet av dagen ha fått tilbakemelding i forhold til arbeidskrav 1 pr mail. Ta kontakt dersom de lurer på noko! God helg!
mandag 4. april 2011
Leksjon 3 på plass!
...seint men forhåpentlegvis godt. Ver snille - ring og mail dersom de lurer på noko knytt til oppgåvene. Eg gler meg til å sjå kva de får ut av dette :) Leksjon, oppgåver og fristar - alt er samla i eitt dokument i RomArkiv. Lukke til! I morgon skal stive dataskuldrar kvile her, for då stikk eg til fjells med førskulelærarstudentane for å lage funksjonelle snøskulpturar! :)
fredag 1. april 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)