søndag 29. august 2010

Timeplan for samlingsveke 37

Hei studentar, vi ser i kommentarfelt at det vert stilt spørsmål om omfang av samlingsveke. Program er under arbeid, men vi startar måndag kl 1215, og avsluttar fredag kl 1300. Meir utfyllande informasjon kjem i Fronter om kort tid.

torsdag 12. august 2010

KOH 120 Funksjonell design for lærarar

Hei, og vel overstått sommarferie komande studentar. Vi har fått melding frå opptakskontoret om at det for å registrere dykk i studiet ved høgskulen trengs ein skriftleg dokumentasjon på at de skal studere her. Vi tek no kontakt med dei ulike fylkesmenn for slik stadfesting, men det vil hjelpe om de ber om ein dokumentasjon frå eigen arbeidgivar og sender denne til meg. Gjerne digitalt. De vil etter kvart finne informasjon om studiehausten i Fronter. Minner om at studiet vil starte med ei vekesamling her i Volda i veke 37, og at neste samling vert eksamenssamlinga i veke 50. Skulle det elles vere ting de lurer på så sender de meg ein mail.