tirsdag 25. august 2009

Studentregistrering

Hei kursdeltakarar.
Vi må få registrert dokke som studentar her hos oss. De vil då bli synlege i våre studentlister, få studentkort og de vil få tilgang til Fronter (vår læringsplattform). Dette bør gjerast så snart som råd. Eg ber difor om at de sender meg fødsels- og personnr, samt fullstendig adresse. Likeeins er det kanskje greit å få vite mobiltlf.nr.
Denne informasjonen sender de til: thorvass@hivolda.no.

onsdag 19. august 2009

Kort om organisering Visuell Kommunikasjon haust 09

Studiet er tenkt slik; omlag 10 nettleksjonar som de les og løyser når de har tid og høve (altså ikkje møte i sann tid). Elles har vi nettprat kvar mandag frå 10.00-14.00 i Fronter der dei som har behov for å lufte spørsmål, eller "lytte" til svar er med på dette. Dette er truleg nyttig å vere med på, men er ikkje obligatorisk. Eg tenker at noko av hovudpoenget med eit nettstudium er nettopp fleksibilitet i tid. Elles opnar eg telefonen min tysdagar for rettleiing (telefonprat/msn m webkamera). Dette må avtalast seinast dagen før, der de sender meg ein e-post om kva tidspunkt som høver.

Kvar student bør ha rettleiing annakvar/tredjekvar veke.

tirsdag 18. august 2009

Oppstartinformasjon

Velkomne - studentar ved Kompetanse for kvalitet, Visuell kommunikasjon!


Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 10 studentar. Som nokre allereie har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 38, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosiale arrangement (kveldstid), informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge). For detaljar om oppstarten: sjå plan her!

Halvårsplan vert utdelt i veke 38, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på:
http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/20063

Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje studie på. Det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.

Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 14. september. Vi møter på studieromet (like ved teiknesalen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 13.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette ynskjer vi at de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass.

Overnatting for dei som treng det, er allreie booka på Volda Turisthotell. Det er fint om de kan gje ei tilbakemelding på om de treng rom til studiekoordinator Thorstein Vasset 70075252. Om de har spørsmål om andre praktiske detaljar ved opphaldet i Volda er det berre å ringe oss!

Velkomen!

























































































måndag





tysdag





onsdag





torsdag





fredag





Vi startar opp!!




Frammøte studierom (ved teiknesal) kl 1300




Studieinfo og organisering, presentasjon





0915




Innføring: Visuell kommunikasjon og visuell kultur




v/emneansvarleg





0915




Den digitale dagen:




Fronter, Fotofilter studio, scanning m.m.





0915




Visuelle verkemiddel og visuell bodskap; Praktiske oppgåver




v/emneansvarleg





0915




Oppsummering og komande utfordringar





1700 Felles middag på studenthuset Rokken





Heile dagen fram til 1600





Heile dagen fram til 1800





Heile dagen fram til 1600





Vi avsluttar med felles lunsj kl 12.00





Kulturkveld





Kvelden vert disponert fritt





Sosial aften








her!!!!!