tirsdag 23. februar 2010
Projeksjonsteikning av hus
Hei, har vore inne å titta litt på bloggane dokka. Les de grundig oppgåveteksten i leksjon 1, heimeoppgåve 1, ser de at huset skal ha "valmatak". ;-)
fredag 19. februar 2010
Leksjon 2
Hei igjen dokke, i løpet av fredag ettermiddag vert leksjon to lagt ut i fronter. Åshild og Thorstein er rettleiarar i arbeidet, og kan kontaktast slik dette vert omtalt i leksjonen. Lukke til.
fredag 12. februar 2010
Leksjon 1 Arkitektur
Då har eg utfordra helga dokka! Leksjon 1 er lagt ut som pdf-dokument i fronter. De finn informasjon om det meste i leksjonens side 1. Lukke til.
torsdag 11. februar 2010
Kan de hjelpe meg litt?
Hei dokke og takk for sist i Volda. Leksjon 1 er snart klar for utlegging i fronter, gled dokke ;-) Men det eg melder i dette innlegget er eit spørsmål om litt hjelp. Vi er i ferd med å lage litt reklame for studiet for å få fleire søkarar, og i den samanheng skulle vi gjerne hatt nokre få ord frå dokke der de kanskje kunne skrive ei setning eller to om erfaringar med studiet så langt:
Kva har du oppnådd av læringsresultat til no?
Konsekvensar for eiga undervisning?
Konsekvensar for kollegaer og eigen skule?
Ser du ringvirkningar av studiet du er med på?
Eller andre moment?
Takk for event hjelp.
Kva har du oppnådd av læringsresultat til no?
Konsekvensar for eiga undervisning?
Konsekvensar for kollegaer og eigen skule?
Ser du ringvirkningar av studiet du er med på?
Eller andre moment?
Takk for event hjelp.
Abonner på:
Innlegg (Atom)