tirsdag 8. mai 2012
Arbeidskrav og tilbakemeldingar
Eg planlegg tilbakemeldingar på innleverte arbeidskrav (pr telefon) mandag 14. mai i tidsromet 9.00-16.00. Eg bed om at de kontaktar meg pr mail om kva tidspunkt de ynskjer. Eg reknar med vi greier å få kommunisert det meste i løpet av ein halv time. Send meg ein mail til karenb@hivolda.no Fint om de også noterer kva telefonnummer eg kan nå deg på!
mandag 7. mai 2012
Feil i semesterplan
Innlevering arbeidskrav er sett til 10.05, men i semesterplanen har eg skrive at dette er ein fredag, dette er feil, skal vere torsdag!
onsdag 2. mai 2012
Rettleiing
Hei alle!
Dei to siste oppgåvene kjem eg ikkje til å kommentere på bloggane dykkar. Dersom de ynskjer tilbakemelding på dette før de skal levere som arbeidskrav tek de kontakt med meg pr e-post (karenb@hivolda.no) og vi avtalar ei rettleiingstid på telefon. Elles får de tilbakemelding på alt de har gjort etter innlevering av arbeidskrav 10. mai

onsdag 18. april 2012
Utdjuping OPPGÅVE 5
Har svart Nadine fylgjande på spørsmål ho hadde om undervisningsopplegg knytt til oppgåve 5: du treng ikkje presentere ei elev-oppgåve i denne presentasjonen. PPen kan vere ein inspirasjons-snutt (med ord/tekst/bilete) der du gjev elevane nokre gode (dårlege?) biletdøme (gjerne med spørsmål som inviterer til samtale om tema/barnekultur). Hugs å ta med kjeldeliste dersom du har henta biletmateriale frå nettet. Om nokre av bileta du presenterer er eigne er dette også "lov" :) Oppgåva legg få føringar, tema er vidt. De er meininga de her skal syne sjølvstende i val av vinkling/avgrensing m.m. Men altså ikkje tenk at du skal presentere eit undervisningsopplegg, MEN ein bilet/tekstserie som kan vere eit anslag/inspirasjonsmateriale for ei oppgåveperiode der de skal jobbe med barnekultur. Sjølve elev-oppgåva treng ikkje innlemmast i ein slik inspirasjonspresentasjon
fredag 13. april 2012
LEKSJON 5
Då er vi nesten i mål med arbeidet dette semesteret. Leksjon 5 finn de i no i Fronter, med ei oppgåve de skal løyse den komande veka. Neste fredag kjem siste oppgåve, men då utan leksjonstekst (leksjon 5 vil også vere tema neste fredag). Og hugs at de tek kontakt med meg om de ynskjer rettleiing (kommentarar eg legg på bloggane dykkar er nokså korte og på overflata). Lukke til og god helg til alle!
tirsdag 20. mars 2012
LEKSJON 4
Eg har nett snakka med Nadine og vi fann ut at sidan påskeferie er like om hjørnet, er det truleg fleire som vil sette pris på om eg legg ut Leksjon 4 allereie i dag. Så då gjer eg det: sjå Fronter;Rom Arkiv!
NETTVETT
Sjå denne lenka, for dei av dokke som kjenner seg usikker på tema Nettvett. Der finnast fleire slike sider, og mange ber diverre preg av for stor skremselspropaganda. Men denne er bra og konstruktiv kritisk: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/
mandag 19. mars 2012
SJÅ PÅ DENNE!!
Eg reknar med at nokre av dykk kjenner denne nettstaden frå før: http://thingsorganizedneatly.tumblr.com/ Ser at fleire kan hente inspirasjon her i frå når det gjeld blogg-logo oppgåve
lørdag 17. mars 2012
Mailadresse
Hei alle!
Eg har nett oppdaga at nokre nyttar g-mailen min. Denne sjekkar eg sjeldan så fint om de alle nyttar jobbadressa mi: karenb@hivolda.no så får de svar veldig mykje snarare!
Eg har nett oppdaga at nokre nyttar g-mailen min. Denne sjekkar eg sjeldan så fint om de alle nyttar jobbadressa mi: karenb@hivolda.no så får de svar veldig mykje snarare!
onsdag 14. mars 2012
Leksjon 3
Då vonar eg alt er som det skal vere, sjå Fronter så finn de siste PP presentasjon frå fagmiljøet i Oslo. Om det er nokon av dokke som ikkje får fram leksjonane eg har lagt ut må de for all del ta kontakt. Lukke til!
torsdag 8. mars 2012
mandag 5. mars 2012
Mandag 05.03 Hangout Google
I dag skal eg til tannlege og får diverre ikkje vere tilgjengeleg for hangout kl 14.00, ta kontakt om de har behov for individuell rettleiing!
fredag 24. februar 2012
mandag 20. februar 2012
fredag 10. februar 2012
Oppsummering og studieadministrasjon etter fyrste oppstartveke
Takk for veka som har gått, hyggeleg å verte kjent med dokke alle 5! No finn de siste oppgåvetekst i Fronter, samt diverse fagstoff (PP frå den siste veka), sjå Rom Arkiv. Eg har gjort justeringar i teksten i høve dei momenta de tykte var uklare. Sidan fleire av dykk har ferie i veke 8, skal eg prøve å få lagt ut leksjon 2 allereie tysdag (21.02) ettermiddag denne veka, slik de får utnytte tida.
tirsdag 7. februar 2012
Nokre lenker frå dagen i dag 07.02
Noko om grunnformer/geometrisk form: http://www.kunstogdesign.no/grunnfnr101.html
Om vurdering i Kunst og handverk:
http://www.utdanningsetaten.oslo.kommune.no/getfile.php/utdanningsetaten%20(UDE)/Internett%20(UDE)/PED/VFL/Kunst_og_handverk_101109_final.pdf
Om vurdering i Kunst og handverk:
http://www.utdanningsetaten.oslo.kommune.no/getfile.php/utdanningsetaten%20(UDE)/Internett%20(UDE)/PED/VFL/Kunst_og_handverk_101109_final.pdf
torsdag 26. januar 2012
Litt meir om veke 6 OPPSTART
Hei og velkomne - studentar ved Visuell kommunikasjon!
Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 5 (kanskje 6) studentar. Som de alle har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 6, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosialt samvær, informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge).
Halvårsplan vert utdelt i veke 6, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/23089
Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje på, og det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Det er også mogleg å handle pensum her ved HVO, bokhandelen Gnist held til på campus. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.
Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 6. februar. Vi møter på Rom 100 (møterom ved resepsjonen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 12.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera, med kabel til PC/evt. minnekort) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette er det greitt om de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass. Ta gjerne med ein svart tusj (0,5) og nokre blyantar 2B-8B.

Abonner på:
Innlegg (Atom)