onsdag 23. mars 2011
LEKSJON 2 skulpturdelen
Då har eg ikkje tenkt å legge inn fleire dokument i RomArkivet. Håper de finn dei dokumenta som er lagt ut relevante for å løyse oppgåva. Om de har bruk for rettleiing, ta kontakt. Lykke til i dette spennande feltet!
tirsdag 15. mars 2011
fredag 11. mars 2011
Leksjon 2
Leksjon 2 skal omhandle biletanalyse og skulpturanalyse. Biletanalysen ligg no klar i RomArkiv i Fronter. Skulpturdelen blir publisert om nokre få dagar. Lykke til og god helg!
mandag 7. mars 2011
Kva kan reknast som popart?
Dette spørsmålet har meldt seg, både i dykkar gruppe, og i studentgruppa i Volda som også jobbar med sjølvportrett. Eg vil gje nokre korte innspel til dette. Då eg opna for å bruke foto i skisseprosessen fram mot eit endeleg motiv/portrett, var dette for å avhjelpe dei som eventuelt ikkje meistrar å teikne eit portrett med likskap til fulle. Men - ein skulle trass i val av digitalt verkty likevel dokumentere ein fullverdig skisseprosess. Prosessen skal synleggjere vala og bortvala du gjer undervegs, så printing både tidt og ofte blir då viktig. Det som fort har kome på bana, er ferdige program som ved eit tastetrykk ( og litt til..) gjev det eit såkalla popartbilde. Og det er her spørsmålet reiser seg. Kan ein kalle det popart ved å bruke eit program som legg eit farga filter over fotoet ditt??
Eg vil ikkje umiddelbart svare ja på dette. Sei gjerne at du har laga eit bilde som tildels kan ha visuelle likheitstrekk med td. Andy Warhol sine bilde, eller at du lagar bilde som gjev uttrykk som liknar sjablongtrykk. Men eg føler det vert feil å kalle bildet popart. Som ledd i oppgåva skulle de gjere dykk kjende med retninga, -isma eller epoken de valde. Kva låg bak desse visuelle uttrykka? Idar i tida? Motreaksjon mot ei tidlegare retning eller verkelegheitsoppfatning?
Poparten tek utgangspunkt i mennesket som offer for konsum og reklame. Ironi, sarkasme, sentimentalitet, distanse er framtendande element i kunsten. Popkunsten rommar så utruleg mykje meir enn Andy Warhol sine kjende visuelle uttrykk. Konturlinjer, reine, enkle flater og linjer, trekk frå teikneserie, maling på foto, konsumgjenstandar, avfall, symbol, bokstavar, tiekn, firkantar som uttrykk of fjernsynsskjermar, skrikande,dristige fargar osb. er alt typisk for denne retninga. Poparten er ei retning som knytta seg til livet og livsrytma i dei store, moderne byane. Roy Lichtenstein: "Det som karakteriserer popart er fremfor alt dens bruk av alt som blir foraktet."
Med dette som bakteppe vert det for enkelt å la eit foto som har vorte lagt til eit farga filter i eit "popart program" få nemninga popart. Forstår de kvar eg vil hen? Vi kan vere inspirert av det visuelle uttrykket av poparten, men det vert ikkje popart av den grunn. Poparten går som dei aller fleste andre retningar mykje djupare enn til det visuelle uttrykket .
Så - enten du har valt popart eller ei anna retning, vert det viktig at du i dokumentasjonen din kan seie noko om kva idear som faktisk ligg bak det visuelle uttrykket i retninga. Og ikkje minst - at du er i stand til å setje ord på kva trekk frå retninga du bevisst har valt å synleggjere i ditt maleri. Og som sagt tidlegare - at også ein digital skisseprosess må vise dei ulike stega frå fyrste utkast og til ferdig motiv - vise utviklinga og dei ulike stega i prosessen.
Håper dette kunne vere nyttige innspel i innspurten! Lukke til!

Abonner på:
Innlegg (Atom)