onsdag 18. april 2012

Utdjuping OPPGÅVE 5

Har svart Nadine fylgjande på spørsmål ho hadde om undervisningsopplegg knytt til oppgåve 5: du treng ikkje presentere ei elev-oppgåve i denne presentasjonen. PPen kan vere ein inspirasjons-snutt (med ord/tekst/bilete) der du gjev elevane nokre gode (dårlege?) biletdøme (gjerne med spørsmål som inviterer til samtale om tema/barnekultur). Hugs å ta med kjeldeliste dersom du har henta biletmateriale frå nettet. Om nokre av bileta du presenterer er eigne er dette også "lov" :) Oppgåva legg få føringar, tema er vidt. De er meininga de her skal syne sjølvstende i val av vinkling/avgrensing m.m. Men altså ikkje tenk at du skal presentere eit undervisningsopplegg, MEN ein bilet/tekstserie som kan vere eit anslag/inspirasjonsmateriale for ei oppgåveperiode der de skal jobbe med barnekultur. Sjølve elev-oppgåva treng ikkje innlemmast i ein slik inspirasjonspresentasjon

fredag 13. april 2012

LEKSJON 5

Då er vi nesten i mål med arbeidet dette semesteret. Leksjon 5 finn de i no i Fronter, med ei oppgåve de skal løyse den komande veka. Neste fredag kjem siste oppgåve, men då utan leksjonstekst (leksjon 5 vil også vere tema neste fredag). Og hugs at de tek kontakt med meg om de ynskjer rettleiing (kommentarar eg legg på bloggane dykkar er nokså korte og på overflata). Lukke til og god helg til alle!