torsdag 26. januar 2012

Litt meir om veke 6 OPPSTART

Hei og velkomne - studentar ved Visuell kommunikasjon!
Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 5 (kanskje 6) studentar. Som de alle har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 6, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosialt samvær, informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge).
Halvårsplan vert utdelt i veke 6, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/23089

Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje på, og det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Det er også mogleg å handle pensum her ved HVO, bokhandelen Gnist held til på campus. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.

Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 6. februar. Vi møter på Rom 100 (møterom ved resepsjonen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 12.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera, med kabel til PC/evt. minnekort) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette er det greitt om de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass. Ta gjerne med ein svart tusj (0,5) og nokre blyantar 2B-8B.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar