tirsdag 12. april 2011

LEKSJON 2

Hei,
har fått eit par spørsmål om kva som er arbeidskrava i leksjon 2.

Biletanalyse
Kort oppsummert er øvingane i formal biletanalyse ikkje arbeidskrav, men eit tilbod om fagleg tilbakemelding. Arbeidskravet finn de heilt til slutt i dokumentet om biletanalyse.

Skulptur
Oppgåva har to element; fullstendig analyse av ein skulptur og ein power-point presentasjon med formidling av skulpturen som fokus.
Det er same skulpturen i begge oppgåvene, dvs det er skulpturen du har analysert som skal formidlast!
Det er  to dokument, eit worddok med analysen og ein ppt til bruk i formidling. Element frå analysen må sjølvsagt med i ppt.

Sidan eg skal til Athen veka etter påske og på Yksnøya med Bachelorstudentane med LANDART-prosjektet første veka i mai, er 5 mai ein passande siste innleveringsfrist for alt i leksjon 2. Mange har allereie løyst oppgåvene, og det er berre å legge dei inn etterkvart. Eg gir tilbakemelding fortløpande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar