tirsdag 20. oktober 2009

LOGO OG BLOGGMAL

Blogg-logo storleiken vi har laga som mal, passar ikkje til alle bloggmalar. Nokre bloggmalar har større format på heading enn den vi presenterer - og somme vil truleg treng hjelp til å tilpasse Kjell-logomal til bloggmalen de tenker å bruke. Eg skal difor endre litt på oppgåveteksten slik at det går fram at formatet ikkje er eit absolutt-krav. Elles er det viktig at de no vel ein bloggmal som kommuniserer med dei form- og fargeval de nyttar på logoen. Og ta endeleg kontakt om de synest noko er vanskeleg å forstå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar