tirsdag 10. november 2009
KORLEIS NYTTE KJELDER/ REFERANSAR I EIN TEKST?
Sjå samandraget som er lagt ut i RomArkiv (sjå i mappe Studieteknikk) på Fronter! Til hjelp når de skal skrive prosessdokumentasjon/skriftleg eksamen.
mandag 9. november 2009
NETTUTSTILLING KOH 118
Sjå nettutstilling: Stilleben Jif og eple! Om de ikkje har sterke innvendingar publiserer vi denne utstillinga på HVO sine nettsider om nokre dagar
EKSAMEN/ARBEIDSKRAV PRAKTISK DEL
Når de skal levere Arbeidkrav/eksamen endeleg: så leverer de ALT i eit dokument (PP, Word e.l. og lagrar dette som PDF) både Arbeidskrav I og II. I tillegg leverer de Foreldreposter som eige dokument (gjerne lage dette i Word/PDF, med bilete og tekst).
Og - teksten der de seier noko om vala som er tekne i høve til Foreldreposteren skal ligge i den samla oppgåvedokumentasjonen (altså: berre Foreldreposteren som skal leverast som vedlegg, og ikkje teksten om kva de har gjort/val som er tekne)
fredag 6. november 2009
LEKSJON 8
Neste veke er fagmiljøet frå Notodden (HIT) ansvarlege for leksjonsstoffet. Dei har endra litt på tema i høve til det som fyrst var oppsett. Men det er likefullt relevant fagstoff og eg trur det vil vere svært nyttig i høve til Foreldreposter-oppgåva samt for prosessdokumentasjonen (arbeidskrav/eksamen). Leksjonen vert lagt ut mandag morgon, og er ein lydpresentasjon med tittel Fotodokumentasjon og Fotokunst (denne leksjonen erstattar Visuell kultur og historie).
tirsdag 3. november 2009
INNLEVERING ARBEIDSKRAV VEKE 48
I semesterplanen har de kanskje sett at frå Arbeidskrav I skal 4 av 5 oppgåver leverast inn som arbeidskrav i veke 48. Sidan test-presentasjonen (oppgåve 3) uansett vil måtte "leverast", må de altså velje tre av dei fire andre (oppgåve 1, 2, 4 eller 5), i tillegg til oppgåve 3. Det same gjeld når desse oppgåvene skal leverast som praktisk eksamen.
mandag 2. november 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)