fredag 30. april 2010

VOLDA kallar 2

Som de ser arbeider Åshild med veret, og til no har ho gjort ein god jobb med måndag 3. og det ser i skrivande stund ut for at vi treng varme uteklede til måndagen. Ta med det.

onsdag 28. april 2010

Volda kallar!

Samlinga er rett rundt hjørnet, og programmet er stort sett på plass.
Værbestillinga jobbar vi fortsatt med! Programmet er lagd ut i Fronter.

Når det gjeld perspektivteikningane frå Leksjon 3, vonar eg de kan ta med dei til Volda.
Eg ser at dei aller fleste har behov for litt rettleiing og innspel i forhold til desse, og at det også er nokre små misforståelsar ute og går hos enkelte i forhold til oppgåvene.

Då sjåast vi i Ålesund mandag.
Lars Olav - ta med meir pølse for sal - ho gav meirsmak!

fredag 23. april 2010

Leksjon 7

Leksjon 7 som omhandlar læreplanarbeid og undervisning er no lagt ut i Fronter.

torsdag 22. april 2010

Hei alle!

Tid for ny samling nærmar seg.
Sjå program i Fronter.

fredag 16. april 2010

Samling 3. mai

Det kjem etter kvart eit konkret oppsett på innhald i samlinga i mai, men i grove trekk vil denne sjå slik ut:
Oppmøte måndag 3. mai ved Jugendstilsenteret i Ålesund, vi kjem til å bruke heile dagen i byen. Tysdag og onsdag vert vi i Volda. Tysdag vert laaang med både teoretiske forelesingar og arbeid i verkstadane (arbeid med ulike mappeoppgåver etter behov, erfaringsutveksling og rettleiing). Onsdagen vert samtaledagen der vi deler/presenterar eigne arbeid. Førebu dokke på eit lite innlegg kvar med fokus på "fasadeoppgåve" og "livshistorie"; praktisk tilnærming og didaktiske betraktningar.
Vi reknar med å avslutte onsdagen omlag kl 1500.
Dersom de har kommentarar til denne grovplanen kjem de med dei i kommentarfeltet her. Vi tek gjerne i mot innspel.

Leksjon 6

Leksjon 6 er no lagt ut i Fronter. Dokumentet er stort og har mykje bilder, så de treng kanskje litt tid for opplasting. Lukke til med utfordringane.

tirsdag 6. april 2010

Diskusjonsforum

Hei og vel overstått påske!

Flott at de er i gong med å diskutere på tavla som eg har sett opp i Fronter.
Fint om alle er med i diskusjonen, eller i alle fall skriv kva ein har tenkt i forhold til faktalappane i materialbiblioteket.

Å :)