torsdag 12. august 2010

KOH 120 Funksjonell design for lærarar

Hei, og vel overstått sommarferie komande studentar. Vi har fått melding frå opptakskontoret om at det for å registrere dykk i studiet ved høgskulen trengs ein skriftleg dokumentasjon på at de skal studere her. Vi tek no kontakt med dei ulike fylkesmenn for slik stadfesting, men det vil hjelpe om de ber om ein dokumentasjon frå eigen arbeidgivar og sender denne til meg. Gjerne digitalt. De vil etter kvart finne informasjon om studiehausten i Fronter. Minner om at studiet vil starte med ei vekesamling her i Volda i veke 37, og at neste samling vert eksamenssamlinga i veke 50. Skulle det elles vere ting de lurer på så sender de meg ein mail.

torsdag 17. juni 2010

Eksamensinfo

Ei lita beroligande melding i alle innspurtar rund omkring... Alle eksamensinnleveringar er mottekne og vurdert. Ingen stryk! Eksamenskontoret vil ha karakterutskrifter klar i veke 25.
Ynskjer med dette alle god sommar! Oppfordrar etterkvart til å gå inn i bloggen, for å sjå alle dei flotte fasadene vi no har fått levert her på huset.
Åshild&Thorstein

torsdag 3. juni 2010

Eksamensinnlevering. arbeidskrav 1 og 2

Som de veit består eksamen av tre ulike element. Den skriftlege heimeeksamen som blir levert i mappe i fronter før kl 1400 i dag 3. juni, det praktiske arbeidet (leksjon 5) som skal sendast/poststemplast seinast 11. juni (eller leverast høgskulen før kl 12.oo), og ei leksjonsoppgåve til. Denne siste leksjonsoppgåva er i dag trekt ut og vart leksjon 6, med oppgåva "Vil du høyre livshistoria mi?" Arbeidet vert å levere digitalt i innleveringsmappe i fronter, mappa stenger fredag 11. kl 12.00. Lukke til!

mandag 31. mai 2010

Hei!

Bed om at de ser ny beskjed lagt ut i Fronter -
ang innlevering av eksamen.

Lukke til med innspurten.

fredag 28. mai 2010

Innlevering skriftleg eksamen

Hei gode studentar! Meldar med dette om at det no har blitt lagt inn ei ny fane i fronter kalla Eksamen KOH119. De finn denne i venstre marg i fronterbildet. klikk på denne og de kjem inn i innleveringsmappa der de og vil finne link til standard framside til eksamensarbeid. Det er denne eksamensmappa som skal nyttast seinast torsdag 3. juni kl 14.00. Eg rår dykk til ikkje å vere ute i siste minutt, då det kan oppstå vanskar som gjer at de vert for seine i innleveringa.
Lukke til.

tirsdag 18. mai 2010

Leksjon 6 arbeidskrav

Hei dokke, då er flaggdagen gjort unna og kvardagen er her igjen... Vi har fått spørsmål om det er mogleg å legge leksjon 6 i andre rom enn på bloggen, dette grunna både tekniske utfordringar og ønske om skjerma rom. Vi har i studiet hatt eit prinsipp om at vi skal dele med kvarandre gjennom bloggen, det prinsippet held vi på, men grunna manglande innleveringsfrist på arbeidskrav i leksjon 6 ser vi at delingsprinsippet her er svekka. Difor har vi oppretta innleveringsmappe i fronter til denne leksjonen. Den kan nyttast om de måtte ønske det. Men, alle skal gje spor av leksjonen i bloggen, og melde her at frontermappa vert nytta. Vi reknar vidare med at dersom nokon i studentgruppa vil ha kopi av det de har levert inn, vil de dele med kvarandre.

onsdag 12. mai 2010

Leksjon 8

Hei alle og takk for sist! :)

Då er siste leksjon komen på plass i RomArkiv. Som sagt på samlinga er det ikkje knytt noko oppgåve opp mot denne, men han omhandlar eit spennande tema som de kan bruke i undervisninga.

Spennande å fylje med i bloggane og sjå korleis ting veks fram!
Ynskjer alle ein god innspurt og lukke til.