onsdag 9. februar 2011

Hei
Då er dato for skriftleg fagdidaktisk eksamen sett.
Utlevert: mandag 9.mai
Innlevering: fredag 20.mai

Utlegging og innlevering vil skje i Fronter.

mandag 7. februar 2011

Hei og takk for sist!
Kan eg audmjukt be om at de alle sender nokre få linjer til meg på mail, som ei lita evaluering av oppstartveka? Vi vil gjerne ha både ris og ros. Skriv kort om organisering, omfang, aktualitet/utbytte av oppgåver og undervisning - Skriv det du har på hjartet!

Takk!
Åshild ashs@hivolda.no

torsdag 27. januar 2011

Velkomen til samling!

Ynskjer dykk velkomne, nydusja og friske, tysdag 01.02, til eit føreløbig vinterkledd Volda. De skal tilbringe dagen i eit rom med det vakre namnet "Seanserommet". For at alle skal finne fram dit, samlast vi innanfor hovudinngongen i Kaarstadbygget (det gule murbygget) kl 09:15. Velkomne!

mandag 3. januar 2011

GODT NYTT ÅR!

Samling 1 vil starte opp 01.02. kl 09:15. Når det gjeld avrunding fredagen, kan de som skal reise med fly gjerne kome med innspel her, men eg foreslår at vi sluttar av klokka 14:00? Då skulle vel gjerne både bilande og flygande kome seg heim til fredagskrimmen :) Program for samlinga vil kome så snart Sissel, Janne og eg har blitt einige.

fredag 24. desember 2010

Samling 1 i 2011


Hei alle!
Samling 1 kjem i veke 5. Tysdag 01.02 til og med fredag 04.02. Vi kjem tilbake med nærare program for veka, men vi skal i alle fall jobbe praktisk både med 2 og 3 dimensjonale arbeid i ulike materiale og teknikkar.

God jul til alle saman!
Åshild :)

mandag 20. desember 2010

God jul

Og takk for eit kjekt semester der eg ser at mykje god kunnskap har blitt tileigna av oss alle. Me sjåast i 2011!

torsdag 9. desember 2010

Eksamen i veke 50

Eg har lagt inn litt informasjon i fronter. Vel møtt!