fredag 18. november 2011

Leksjon 5

Hei igjen der ute! Leksjon 5 er lagt ut i frontermappe. Denne har eit arbeidskrav med leveringsfrist i fronter seint på dag 1. desember. Eg kan lettast nåast for rettleiing på thorvass@hivolda.no.
Lukke til.

mandag 31. oktober 2011

Lærarbloggen

Vi ser at nokre av dokke ikkje er medlem på lærarbloggen, det hadde vore greit om de alle var medlemmar her. Då kan de også kommentere det vi legg ut av ulike meldingar i lærarbloggen. Vi ser at de ofte nytter "diskusjonsforumet" for studentar i fronter, dette les vi lærarar sporadisk. DERFOR: kommenter her i lærarbloggen dersom de lurer på eit kvart i høve framdrift og innhald i leksjonane.

torsdag 27. oktober 2011

Framdrift leksjonar

Vi har blitt gjort oppmerksame av Nadine om at framdriftslista for leksjonar er noko uheldig "stokka" i høve datoar. Vi ser at det her har vore ein glipp og ber om orsaking for dette. Lista er no endra, og i tillegg er det påført eksakte eksamensdatoar. Still gjerne spørsmål i lærarbloggen om noko no er uklart. OG vedk. bloggen så saknar vi litt "leksjonsinnlegg" frå nokre av dokke. Lukke til.

mandag 24. oktober 2011

Leksjon 3

Hei!
Då er vi tilbake i Volda med varme og inspirasjon i bagasjen. I alt som skulle gjerast før avreise, ser eg at eg har hatt ein glipp i forhold til å legge ut beskjed i Lærarbloggen, i tillegg til beskjeden på Fronter, om at leksjon 3 er ute. Men eg håper de likevel har funne han!

Angåande rettleiing knytt til leksjonen: Fint om de sender ein mail i dag dersom de ynskjer rettleiing i morgon. Eg har ein del møter i dag, og er dermed ikkje på Skype heile dagen. Dersom de ynskjer rettleiing komande veke, må det verte på mandag 31.10 eller tysdag 1.11 før kl 10:00. Så ver snille å gi eit vink om når de ynskjer tid hos meg.

tirsdag 4. oktober 2011

Leksjon 2

Hei igjen studentar. Leksjon 2 ligg no i fronter, lukke til. Og etter samtalar med nokre av dokke vil eg pressisere fylgjande: I oppgåve 4 i leksjon 1 er det nok å teikne 1 fasadeteikning. Vidare skal oppgåvene leggast i innleveringsmappe i fronter, OG de vel sjølve ut ei av oppgåvene og legg denne i bloggen vår..

fredag 23. september 2011

Leksjon1 arkitektur

Hei dokke 5, då er leksjon 1 lagt ut i frontermappe. Les godt informasjonen på 1.sida i leksjonen. Lukke til!

onsdag 14. september 2011

Hei 5-kløver!

Då har dokke funne bloggen vår. GRATULERER og velkomen hit!
Og lukke til med hektiske kurstimar. (Ta det roleg no da Kjell...)