onsdag 2. mai 2012

Rettleiing

Hei alle!
Dei to siste oppgåvene kjem eg ikkje til å kommentere på bloggane dykkar. Dersom de ynskjer tilbakemelding på dette før de skal levere som arbeidskrav tek de kontakt med meg pr e-post (karenb@hivolda.no) og vi avtalar ei rettleiingstid på telefon. Elles får de tilbakemelding på alt de har gjort etter innlevering av arbeidskrav 10. mai

onsdag 18. april 2012

Utdjuping OPPGÅVE 5

Har svart Nadine fylgjande på spørsmål ho hadde om undervisningsopplegg knytt til oppgåve 5: du treng ikkje presentere ei elev-oppgåve i denne presentasjonen. PPen kan vere ein inspirasjons-snutt (med ord/tekst/bilete) der du gjev elevane nokre gode (dårlege?) biletdøme (gjerne med spørsmål som inviterer til samtale om tema/barnekultur). Hugs å ta med kjeldeliste dersom du har henta biletmateriale frå nettet. Om nokre av bileta du presenterer er eigne er dette også "lov" :) Oppgåva legg få føringar, tema er vidt. De er meininga de her skal syne sjølvstende i val av vinkling/avgrensing m.m. Men altså ikkje tenk at du skal presentere eit undervisningsopplegg, MEN ein bilet/tekstserie som kan vere eit anslag/inspirasjonsmateriale for ei oppgåveperiode der de skal jobbe med barnekultur. Sjølve elev-oppgåva treng ikkje innlemmast i ein slik inspirasjonspresentasjon

fredag 13. april 2012

LEKSJON 5

Då er vi nesten i mål med arbeidet dette semesteret. Leksjon 5 finn de i no i Fronter, med ei oppgåve de skal løyse den komande veka. Neste fredag kjem siste oppgåve, men då utan leksjonstekst (leksjon 5 vil også vere tema neste fredag). Og hugs at de tek kontakt med meg om de ynskjer rettleiing (kommentarar eg legg på bloggane dykkar er nokså korte og på overflata). Lukke til og god helg til alle!

tirsdag 20. mars 2012

LEKSJON 4

Eg har nett snakka med Nadine og vi fann ut at sidan påskeferie er like om hjørnet, er det truleg fleire som vil sette pris på om eg legg ut Leksjon 4 allereie i dag. Så då gjer eg det: sjå Fronter;Rom Arkiv!

NETTVETT

Sjå denne lenka, for dei av dokke som kjenner seg usikker på tema Nettvett. Der finnast fleire slike sider, og mange ber diverre preg av for stor skremselspropaganda. Men denne er bra og konstruktiv kritisk: http://www.medietilsynet.no/no/Trygg-bruk/

mandag 19. mars 2012

SJÅ PÅ DENNE!!

Eg reknar med at nokre av dykk kjenner denne nettstaden frå før: http://thingsorganizedneatly.tumblr.com/ Ser at fleire kan hente inspirasjon her i frå når det gjeld blogg-logo oppgåve

lørdag 17. mars 2012

Mailadresse

Hei alle!
Eg har nett oppdaga at nokre nyttar g-mailen min. Denne sjekkar eg sjeldan så fint om de alle nyttar jobbadressa mi: karenb@hivolda.no så får de svar veldig mykje snarare!