fredag 29. januar 2010

Arbeidstøy

Vi skal i nokre hektiske økter bruke treverkstaden vår i komande samling. Ta med arbeidstøy som tåler ein limskvett og litt røff bruk.

tirsdag 26. januar 2010

Ta med teikneutstyr

Hei igjen dokke. Som de ser av programmet for samlinga i Volda i veke 5 skal vi mellom anna sjå litt på teknisk teikning. Eg ber difor om at de tek med ein linlal (30 cm), vinkelhakar; (90-45-45, og 90-30-60) samt passar. Dersom nokon av dykk har tilgang på liten hovudlinjal tek de og med denne, men slike kan for ein del av dokke lånast av våre studentar her på huset.

mandag 18. januar 2010

Arkitektursamling 1, overnatting

Eg ser i bloggen at det vert tenkt litt på overnatting i veke 5. Eg har difor reservert 5 hotelrom i mitt namn som vi har på handa til 25 januar. Dei av dokke som treng rom tek snarast kontakt med Volda turisthotell (70077050), bestiller rom og plukker av min reservasjon. Dersom nokon av dykk allereie har bestilt rom, er det flott, de treng ikkje fortelle/trekke det av min reservasjon.

torsdag 14. januar 2010

Arkitektursamling veke 5

Program for samling i Volda i veke 5 ligg no i fronter.

tirsdag 15. desember 2009

TEORI EKSAMENSOPPGÅVE

Enkelte har ikkje funne fram til den teoretiske eksamensoppgåva: sjå Fronter øvst inne i eksamensmappa!

torsdag 26. november 2009

Oppstartsamling Arkitektur

Hei student-lærarar.
Meldar med dette at oppstartsamlinga for arkitektur-emnet vert lagt som avtalt i veke 5, (fyrste veka i februar 2010) med fulle dagar tysdag, onsdag og torsdag. Som de veit skal vi dette semesteret ha to samlingar, samling nr. 2 er lagt til veke 18, måndag, tysdag og onsdag.