fredag 26. november 2010
Skriftleg eksamen
Den skriftlege fagdidaktiske eksamensoppgåva er no lagt ut i fronter. De finn mappa til denne nederst til venstre i fronterbildet. Innlevering 13. desember innan kl. 13.00 i fronter. Grunnen til at vi ber om digital innlevering er mellom anna fordi vi då får bilda de måtte velje å bruke i fargar. Det er ikkje gitt høve til å levere oppgåva på papir. Lukke til!
torsdag 25. november 2010
mandag 15. november 2010
Leksjon 4
Då er den på plass! Leksjon 4 "frå det nasjonale til det lokale" De finn den i fronter i mappe leksjonar. Oppgåveutfordringa er laga slik at de alle må/skal hjelpe kvarandre, og de leverer arbeida slik som tidlegare, nemleg i 2 oppretta innleveringsmapper i fronter. Eg kommenterar i fronter i innleveringsmappa, dokke les kvarandre sine presentasjonar i studentmappa i fronter og kommenterar her i bloggen. Innleveringsmappa er open til og med 30. nov. Frist for kommentar må difor vere nokre dagar seinare; seinast 5. desember.
torsdag 11. november 2010
Litt infornasjon
Leksjon 4 vert lagt ut i veke 46, dette er litt seinare ann avtalt og eg beklagar dette. Elles har fleire av dokke oppdaga at det er problematisk å legge oppgåvebesvarelsen i leksjon 2 ut i bloggen, her må vegen bli litt til medan vi går, og inntil vidare er det oppretta ei studentmappe i fronter som heiter "leksjon 2", her kan de legge inn oppgåvesvar og slik dele med resten av gruppa. Kommentar til/av desse innleveringane skjer i bloggen som avtalt. Takk til Ragnhild som har trakka løypa!
torsdag 28. oktober 2010
Leksjon 3
Leksjon 3 er lagt ut i fronter i mappa "leksjonar" saman med ein oppgåvetekst vi har kalla "utfordring til leksjon 3". Les gjennom denne og kommenter gjerne her i bloggen. Lukke til.
tirsdag 26. oktober 2010
Innleveringsinfo
Eg har lagt inn litt utfyllande informasjon om innlevering av dei ulike arbeidskrava til leksjon 1 og 2 i Fronter. Er dette forståeleg? kommenter! Eg spør og om de skal dele undervisningsopplegga dokka med kvarandre her i bloggen. (gjeld stoloppgåva som skal i fronter innan 8. nov.) Kommenter!
Abonner på:
Innlegg (Atom)