torsdag 14. oktober 2010

Leksjon 1 info

Hei alle saman og takk for sist. No er eg endeleg inne på den rette bloggen. Det viser seg at eg har publisert i ein eigen blogg som heiter Lærarblogg og som ikkje var synleg for dåkke! No er eg forhåpentligvis på rett plass. Utfordrande med nye medier og samstundes ha fjernstudentar. Ser at det krevst høgre presisjonsnivå når ein ikkje har studentane rundt seg her på campus i Volda. Skal forsøke å utvikle nokre rutinar for god oppfølging.
Som de kanskje har sett, la eg inn litt info i Fronter om undervisningsplanlegging, den didaktiske relasjonsmodellen. Dette er det mest vanlege planleggingsverktøyet, og eg reknar faktisk med at mange kjenner til det frå tidlegare utdanning og praksis, men sidan nokre har etterspurt dette får alle ein liten repetisjon.

Når det gjeld  mal på oppgåver i kunst og handverk og vurdering, skal eg legge ut noko i Fronter i løpet av torsdag/fredag. Elles står det fritt til å kontakte meg når som helst. Eg reiser til Istanbul fredag og er attende 26 oktober.  Er litt usikker på nett-tilgangen der eg skal bo, men vil vere inne og sjekke e-post/blog med jamne mellomrom. Lykke til i arbeidet, gler meg til å sjå kva de lagar!

2 kommentarer:

  1. Når er fristen på toving og 1000 ord??

    SvarSlett
  2. Hei og takk for tilbakemelding, jeg synes det var til god hjelp selv om det var repetisjon. Tovinga gir masse erfaringer på mange plan. Til sist takk til Lilja for å ha lagt ut sine fyldige notater.

    SvarSlett