søndag 20. februar 2011

Litt info

Beklagar fyrst at Leksjon 1 vart utsett ei veke. Dette grunna sjukdom.

De fekk ein oversikt på samlinga over når kvar leksjon vert lagd ut. Det har kome ei endring på denne oversikten. Revidert versjon vert lagd i Fronter i morgon.

De vil og få ein oversikt over kva for leksjonar som har arbeidskrav knytt til seg, og om oppgåvene er av praktisk eller teoretisk art, og om arbeida skal leggast ut i blogg eller ikkje.

Elles vonar eg de er godt i gong med portrettoppgåva. Det skulle vere mykje å henge fingrane i der. Send meg gjerne mail med foto av skisser/maleri dersom de føler for litt rettleiing.

Minner om at vi som kan prøver å møtast på Skype tysdagar frå kl 13:00.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar