mandag 21. september 2009
Skype
Praktisk info om SKYPE: kan alle KOH 118 sende meg ein mail der de informerer om kva kontaktadresse de nyttar i Skype!? Takk for sist, det var så kjekt å møtast. Eit godt utgangspunkt for det komande arbeidet vi skal dele framover!
onsdag 16. september 2009
Skulerom og visuelt miljø
Utviklingsarbeid: Skulerom og visuelt miljø. Les om arbeidet her
Etiketter:
Arbeidskrav,
Utviklingsarbeid (skulerom)
tirsdag 8. september 2009
onsdag 2. september 2009
Semesteravgift
Vi har no frå sentraladministrasjonen fått vite at det skal betalast semesteravgift for studiet, kr. 670.- for haustsemesteret. De vil etter kvart få tilsendt giro. bruk denne lenka for vidare informasjon om registrering . http://www.hivolda.no/registrering
th
th
tirsdag 25. august 2009
Studentregistrering
Hei kursdeltakarar.
Vi må få registrert dokke som studentar her hos oss. De vil då bli synlege i våre studentlister, få studentkort og de vil få tilgang til Fronter (vår læringsplattform). Dette bør gjerast så snart som råd. Eg ber difor om at de sender meg fødsels- og personnr, samt fullstendig adresse. Likeeins er det kanskje greit å få vite mobiltlf.nr.
Denne informasjonen sender de til: thorvass@hivolda.no.

onsdag 19. august 2009
Kort om organisering Visuell Kommunikasjon haust 09
Studiet er tenkt slik; omlag 10 nettleksjonar som de les og løyser når de har tid og høve (altså ikkje møte i sann tid). Elles har vi nettprat kvar mandag frå 10.00-14.00 i Fronter der dei som har behov for å lufte spørsmål, eller "lytte" til svar er med på dette. Dette er truleg nyttig å vere med på, men er ikkje obligatorisk. Eg tenker at noko av hovudpoenget med eit nettstudium er nettopp fleksibilitet i tid. Elles opnar eg telefonen min tysdagar for rettleiing (telefonprat/msn m webkamera). Dette må avtalast seinast dagen før, der de sender meg ein e-post om kva tidspunkt som høver.
Kvar student bør ha rettleiing annakvar/tredjekvar veke.

tirsdag 18. august 2009
Oppstartinformasjon
Velkomne - studentar ved Kompetanse for kvalitet, Visuell kommunikasjon!
Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 10 studentar. Som nokre allereie har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 38, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosiale arrangement (kveldstid), informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge). For detaljar om oppstarten: sjå plan her!
Halvårsplan vert utdelt i veke 38, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på:
http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/20063
Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje studie på. Det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.
Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 14. september. Vi møter på studieromet (like ved teiknesalen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 13.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette ynskjer vi at de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass.
Overnatting for dei som treng det, er allreie booka på Volda Turisthotell. Det er fint om de kan gje ei tilbakemelding på om de treng rom til studiekoordinator Thorstein Vasset 70075252. Om de har spørsmål om andre praktiske detaljar ved opphaldet i Volda er det berre å ringe oss!
Velkomen!
her!!!!!

måndag | tysdag | onsdag | torsdag | fredag |
Vi startar opp!! Frammøte studierom (ved teiknesal) kl 1300 Studieinfo og organisering, presentasjon | 0915 Innføring: Visuell kommunikasjon og visuell kultur v/emneansvarleg | 0915 Den digitale dagen: Fronter, Fotofilter studio, scanning m.m. | 0915 Visuelle verkemiddel og visuell bodskap; Praktiske oppgåver v/emneansvarleg | 0915 Oppsummering og komande utfordringar |
1700 Felles middag på studenthuset Rokken | Heile dagen fram til 1600 | Heile dagen fram til 1800 | Heile dagen fram til 1600 | Vi avsluttar med felles lunsj kl 12.00 |
Kulturkveld | Kvelden vert disponert fritt | Sosial aften |
her!!!!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)