tirsdag 26. oktober 2010
Innleveringsinfo
Eg har lagt inn litt utfyllande informasjon om innlevering av dei ulike arbeidskrava til leksjon 1 og 2 i Fronter. Er dette forståeleg? kommenter! Eg spør og om de skal dele undervisningsopplegga dokka med kvarandre her i bloggen. (gjeld stoloppgåva som skal i fronter innan 8. nov.) Kommenter!
fredag 15. oktober 2010
Leksjon 2
Då har eg lagt ut leksjon 2 til dokke i fronter. Leksjonen bygger vidare på det vi var innom i Volda i haustsamlinga våra, men i tillegg til det praktiske arbeidet vert de no utfordra på profesjonselementet i faget. Det er gitt gode frister på innleveringar, og det vert gitt rettleiing etter behov. Lukke til.
torsdag 14. oktober 2010
Leksjon 1 info
Hei alle saman og takk for sist. No er eg endeleg inne på den rette bloggen. Det viser seg at eg har publisert i ein eigen blogg som heiter Lærarblogg og som ikkje var synleg for dåkke! No er eg forhåpentligvis på rett plass. Utfordrande med nye medier og samstundes ha fjernstudentar. Ser at det krevst høgre presisjonsnivå når ein ikkje har studentane rundt seg her på campus i Volda. Skal forsøke å utvikle nokre rutinar for god oppfølging.
Som de kanskje har sett, la eg inn litt info i Fronter om undervisningsplanlegging, den didaktiske relasjonsmodellen. Dette er det mest vanlege planleggingsverktøyet, og eg reknar faktisk med at mange kjenner til det frå tidlegare utdanning og praksis, men sidan nokre har etterspurt dette får alle ein liten repetisjon.
Når det gjeld mal på oppgåver i kunst og handverk og vurdering, skal eg legge ut noko i Fronter i løpet av torsdag/fredag. Elles står det fritt til å kontakte meg når som helst. Eg reiser til Istanbul fredag og er attende 26 oktober. Er litt usikker på nett-tilgangen der eg skal bo, men vil vere inne og sjekke e-post/blog med jamne mellomrom. Lykke til i arbeidet, gler meg til å sjå kva de lagar!

Eksamen
Vi har fått spørsmål om tidsbolken i eksamensveka og det vert med dette meddelt at den praktiske eksamen startar i våre verkstadar måndag 13. desember kl. 12.15. Arbeida skal leverast til sensur torsdag 16. des. kl. 19.00, seinast. Den skriftlege delen av eksamen (fagdidaktisk tema)vert å levere ved frammøte måndag 13. desember. Oppgåva til denne vert gitt 26. november.
fredag 1. oktober 2010
Leksjon 1
Hei studentar, og takk for sist. Takk for ei god arbeidsøkt i Volda for litt sidan, de er ein flott gjeng! Dei fleste av dokke er vel no i haustferiemodus, og det må vi gjere noko med; leksjon nr 1 i haustens rekke er no lagt ut i fronter. Dersom de treng rettleiing er det Sissel som skal kontaktast, de finn tlf.nr og mailadresse i fronterlista. LUKKE TIL.
søndag 29. august 2010
Timeplan for samlingsveke 37
Hei studentar, vi ser i kommentarfelt at det vert stilt spørsmål om omfang av samlingsveke. Program er under arbeid, men vi startar måndag kl 1215, og avsluttar fredag kl 1300. Meir utfyllande informasjon kjem i Fronter om kort tid.
torsdag 12. august 2010
KOH 120 Funksjonell design for lærarar
Hei, og vel overstått sommarferie komande studentar. Vi har fått melding frå opptakskontoret om at det for å registrere dykk i studiet ved høgskulen trengs ein skriftleg dokumentasjon på at de skal studere her. Vi tek no kontakt med dei ulike fylkesmenn for slik stadfesting, men det vil hjelpe om de ber om ein dokumentasjon frå eigen arbeidgivar og sender denne til meg. Gjerne digitalt. De vil etter kvart finne informasjon om studiehausten i Fronter. Minner om at studiet vil starte med ei vekesamling her i Volda i veke 37, og at neste samling vert eksamenssamlinga i veke 50. Skulle det elles vere ting de lurer på så sender de meg ein mail.
Abonner på:
Innlegg (Atom)