mandag 20. februar 2012

Leksjon 2

No finn de Leksjon 2 i Rom Arkiv på Fronter!

fredag 10. februar 2012

Oppsummering og studieadministrasjon etter fyrste oppstartveke

Takk for veka som har gått, hyggeleg å verte kjent med dokke alle 5! No finn de siste oppgåvetekst i Fronter, samt diverse fagstoff (PP frå den siste veka), sjå Rom Arkiv. Eg har gjort justeringar i teksten i høve dei momenta de tykte var uklare. Sidan fleire av dykk har ferie i veke 8, skal eg prøve å få lagt ut leksjon 2 allereie tysdag (21.02) ettermiddag denne veka, slik de får utnytte tida.

torsdag 26. januar 2012

Litt meir om veke 6 OPPSTART

Hei og velkomne - studentar ved Visuell kommunikasjon!
Endeleg er vi i ”siget” og planar, pensum, praktisk info, utstyrslister m.m. byrjar å kome på plass. Vi ser fram til å møte gruppa som pr. i dag utgjer 5 (kanskje 6) studentar. Som de alle har fått informasjon om - er fyrste (og einaste samling) i veke 6, og vi reknar med at heile veka går med, i og med at reisetid for somme må reknast inn. Den fyste veka vil vere ei blanding av tekniske og praktiske kurs/ øvingar, sosialt samvær, informasjon om det organisatoriske samt meir teoretiske problemstillingar som Visuell kommunikasjon og visuell kultur (barn og unge).
Halvårsplan vert utdelt i veke 6, men om de er interesserte i fagleg innhald og pensum er det nyttig å ta ein titt på fagplanen. Denne finn de på http://hivolda.studiehandbok.no/studentar/content/view/studiehandbok/23089

Pensum treng de ikkje ta med til samlinga, men å handle bøker er sjølvsagt ein fin måte å byrje på, og det er nyttig å bla litt i bøkene før de kjem. Det er også mogleg å handle pensum her ved HVO, bokhandelen Gnist held til på campus. Om de har andre spørsmål om studiet sitt faglege innhald kan de ringe emneansvarleg Karen Brænne 70075329.

Viktig informasjon nett no: Alle møter ved Høgskulen i Volda måndag 6. februar. Vi møter på Rom 100 (møterom ved resepsjonen) på Kårstad huset (den gamle ærverdige delen av HVO) kl 12.00. Alle må ta med digitalt kamera (gjerne enkelt kompaktkamera, med kabel til PC/evt. minnekort) samt eigen bærbar PC (ikkje eit krav, men for dei av dykk som har). I tillegg til dette er det greitt om de også tek med halvårsplan/skisse for den undervisninga de skal inn i på dykkar arbeidsplass. Ta gjerne med ein svart tusj (0,5) og nokre blyantar 2B-8B.

fredag 16. desember 2011

Oppstart vårsemester 2012

Hei! eg er lærar på neste studium, Visuell kommunikasjon - for lærarar. Oppstartveke blir veke 6, altså frå 6.-10. februar. Nærare info om innhald og detaljert semesterplan får de fyrst på samlinga, det viktige no er at de frigjer denne veka. Eg ynskjer å kommentere og forklare planen når den vert utdelt så der ikkje oppstår misforståingar. Vi startar mandag 6.02 kl. 12.00, på teiknesalen, og avsluttar fredag kl.14.00. De må rekne lange arbeidsdagar, truleg noko kveldsarbeid. Eksamen dette semesteret er 23.05 (skriftleg oppgåve) og 31.05 (praktisk mappe innlevering). Eksamen vert levert på nett, i Fronter. Velkomne til samling!

fredag 9. desember 2011

Siste leksjon!

Då ligg den aller siste leksjonen i Rom Arkiv. Ver snille og les beskjeden eg har lagt ut i Fornter ang. leksjonen. Takk!

torsdag 8. desember 2011

Eksamensoppgave 3D

Eksamensoppgave og utfyllande melding ligg no i fronter