Hei!
Eg har hatt ei rettleiing i forhold til oppgåve 1 i Leksjon 3, og ser kanskje behovet for å presisere kva eg ynskjer i denne oppgåveteksten.
"Du skal teikne på frihand - altså ikkje bruke linjal eller perspektiv-konstruksjon".
I dette ligg det at du ikkje skal bruke linjal på sjølve fyrstikkeska. Men du SKAL teikne inn horisontlinja, forsvinningspunkta og siktlinjene i teikninga. Desse kan du teikne med linjal. Dette er dine hjelpemiddel for å klare å teikne ei fystikkeske perspektivisk korrekt.
I omgrepet "perspektiv-konstruksjon" ligg det at du nyttar matematiske utrekningar td. for å finne lengda på eska når du skal teikne ho i perspektiv. Du skal ikkje gjere dette, men nytte augemålet ditt for å prøve å finne det rette forholdet mellom lengde, høgde og breidde på eska.
Hovudfokus i oppgåva ligg i å teikne ein gjenstand perspektivisk riktig, så ikkje bruk tid på skuggelegging og detaljteikning. Ikkje teikn eska større enn at du får plass til forsvinningspunkta innanfor papiret sitt format.
Håper dette var litt klargjerande. Elles må de berre kommentere her, eller ta kontakt direkte!
Lukke til!
tirsdag 9. mars 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar