fredag 19. mars 2010

VIKTIG!

Hei!
Med bakgrunn i at ganske mange ikkje har publisert oppgåvene frå dei fyrste leksjonane innan fristane som er sette opp, føler vi behov for å presisere litt kring fristar for publisering:

Organiseringa rundt innlevering/publisering av arbeidskrav, er annleis no enn på 118.
Thorstein skreiv 8 mars:
"Minner om at publisering av leksjonane i dette semesteret, er eit arbeidskrav som må vere bestått for at de kan gå opp til eksamen."

I dette ligg det med andre ord eit krav om at de publiserer oppgåvene på bloggen innan fristen som er sett opp i kvar leksjon. Dersom dette ikkje vert gjort, er arbeidskravet ikkje godkjent. Etter HiVolda sin praksis, får de som ikkje har fått godkjent, ein 2. og endeleg/siste frist for publisering.

2. og siste frist for publisering og dermed godkjenning av arbeidskrav knytt til leksjon om perspektivteikning: 21.04.2010.

God helg!